2022, vi er klare!
Da var jula over for denne gang og vi er klare for eit nytt år med full fart, nye prosjekt, idear og utvikling!
Året starta kanskje ikkje heilt slik vi hadde håpa, med heimekontor, høge smittetal og nokså strenge restriksjonar. Men vi jobbar godt frå stova og ser fram mot ei tid kor vi kan samlast utan munnbind, handsprit og 1 meter avstand.
Ny kompensasjonsordning
Situasjonen er framleis utfordrande for mange og kanskje særskild for restaurant- uteliv- overnatting og reiselivsbransjen. Ein ny runde med kommunal kompensasjonsordning kjem truleg godt med for fleire. Vi ventar på nye retningslinjer før midlane vert søkbare. Føl med på nettsida vår, facebook og linkedin, oppdatering kjem så snart som mogleg. Om de har spørmsål eller har trong for hjelp med søknaden står vi sjølvsagt til disposisjon.
Nytt år nye moglegheiter
Utover vinteren og våren skal vi arbeide med mange spanande prosjekt som vi gler oss til å fortelje meir om i tida framover. Mat og drikke, fornybar energi, profilering av Sogn, større og mindre arrangement er noko av det vi skal ta tak i.
Vi ser fram til å treffe nye folk med friske idear, som ser løysingar der andre ser utfordringar. Vi gler oss til å ta i mot verksemder som ynskjer å utvikle nye produkt, gjere forretningsmodellen fornybare eller undersøke moglegheita for sirkulære verdikjeder - for å nemne noko. Døra er open for alle!
2022, vi er klare!