LIVE ONSDAG: Lunsj med påfyll: HVL Medielab – formidling for framtida

Onsdag 12. januar inviterer vi til:

Lunsj med påfyll: HVL Medielab – formidling for framtida
2. etasje Innovasjonsbygget Campus Sogndal klokka 11:30.

Grunna Covid19-situasjonen vert arrangementet strøyma. Du kan følge arrangementet nederst i artikkelen.

Medielab er HVL si kompetanseeining for utvikling og bruk av digitale medium og ny teknologi i undervisning, forskning og formidling. Torkjell Einarson Venjum har i haust hatt ansvar for etableringa av læringslaben i Sogndal, og han kjem for å fortelje om den store satsinga.

Vi føl nasjonale råd i samband med Covid19-pandemien, I skrivande stund gjeld det ei avgrensing på 20 gjester på arrangementet.

Vi ber publikum halde minst 1 meter avstand. Ved inngangen til arrangementet er munnbind og handsprit tilgjengeleg.

————————————————

Sogn Næring ønskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen. Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Vi i Sogn Næring er sjølvsagt til stades både før og etter arrangementet om det er bedrifter eller eldsjeler som vil prate med oss. Gjer gjerne ein avtale i forkant, eller ta kontakt med oss under arrangementet.

Meir info om arrangementet finn du her.

aktueltGuest User