Mange tok turen heim til jul!

 

Torsdag ettermiddag tok omlag 50 stykk turen innom innovasjonsbygget for å høyre om nokre av dei spanande arbeidsmogleheitene som finnes i Sogn. Saman med Digdir, HVL, Vestland Fylkeskommune, Sognenett, Deloitte, Vestlandsforsking og Nav, arrangerte vi Heim til jul, ein møteplass for dei som har flytta ut av bygda for å studere, men som kanskje kan tenkje seg å flytte heime att for å jobbe. Dei frammøtte fekk servering frå Ellevilt og moglegheita til å mingle og snakke saman med alle verksemdende som var tilstade.

Allereie i løpet av kvelden hadde nokre av dei frammøtte fått god kontakt og signal om moglegheita for både sommarjobb og på sikt fast jobb. Og dei fleste kunne fortelje om ei auka interesse for å flytte heim att.

Eit vellukka arrangement som synte behovet for å treffast. For dei av dykk som ikkje rakk å delta i denne omgang - frykt ikkje, vi er allereie i gang å planlegge eit tilsvarande arrangement under Fjellsportfestivalen. Føl med vidare og ta gjerne kontakt med Stian, om dette er noko di bedrift kan tenkje seg å delta på.

Takk for godt oppmøte og velkommen attende!

 
aktueltLine Bjeldeaktuelt