Høg aktivitet i arbeidsfellesskapet FUS
Med strenge smitteverntiltak er det likevel høg aktivitet i utviklings- og kontorfellesskapet FUS på Campus Sogndal om dagen. Det er eit godt teikn på at det spirer og gror i næringslivet vårt.
I FUS har gründerar og prosjektinitiativ i kommunen tilbod om kontorplass med naudsynte fasilitetar, møterom og eit fagleg og sosialt miljø. I tillegg sit dei i eit miljø der eit samla verkemiddelapparat med Innovasjon Norge, Kunnskapsparken, Sogn Næring, Distriktssenteret, Visit Sognefjord og Sognefjorden Næringshage tett på. I tillegg ligg senteret midt i skulemiljøa til Høgskulen på Vestlande og Sogndal vidaregåande skole, og forskingsmiljøet på Vestlandsforsking.
Vi i Sogn Næring har per i dag følgjande gründerar under vår paraply i senteret:
Johanne Hovland
Meta IT
Rørsla
Sogn elSykkel / Lokel
Truls Edvard Jørgensen
Vekstmedia
Vitemeir
I tillegg til gründerbedriftene finn du og Kunnskapsparken Vestland sine inkubatorbedrifter, og etablerte verksemder som etablerte verksemder som Wyssen, Rekkje stiutvikling, Porten.no og Fjellsportfestivalen.
Framover er det ei målsetjing for både Vik og Sogndal kommune å utvikle liknande utviklingssenter og arbeidsfellesskap både i Vik, Leikanger, Balestrand og Kaupanger. Først ute er Leikanger og på bilete under ser du skisse av lokala i 1. etasje i Bankbygget.
Namnet FUS er henta frå friminuttaktivitet blant barn og ungdom, der ein nyttar omgrepet for å hevde førsterett. Wikipedia har følgjande definisjon: Substantiv, Uttrykk som vert nytta mellom vener/søsken for å erklære førsterett til noko, den som er førstemann.