Anna Maria og Mike såg eit behov som opna for satsing i Vik og på Leikanger

Anna Maria i dei nye lokala på terapihuset på Leikanger

9. februar opna Anna Maria og Mike dørene til ein ny kiropraktorklinikk i terapihuset på Leikanger. Verksemda heiter Sognefjord Kiropraktikk og har forretningsadresse i Vik, men gründerane såg eit behov for å vere tilgjengelege på begge sider av fjorden.

Den nyetablerte verksemda har fått rettleiing frå forretningsutviklar i Sogn Næring, og midlar frå det kommunale næringsfondet i Vik. Nyetableringar som dette vert høgt prioritert i dei nye retningslinjene for det kommunale næringsfondet i Vik kommune.

Ta kontakt med oss i dag om du har ein idé du ynskjer å utvikle. Vi hjelper deg gjerne!

aktueltLine Bjelde