HVL inviterer reiselivsbedrifter til bransjedag
Bransjedag: Arbeidskraft for framtida – studentar i praksis vinter/vår/sommar 2022
3. Februar 2022 inviterer HVL reiselivsbedrifter til å presentere seg sjølv som mogleg praksisplass for bachelorstudentar i Reiselivsledelse.
Studentar som tek bachelor i Reiselivsledelse skal ha eit emne som heiter Praksis i reiselivet i andre/tredje semester. I dette emnet ønskjer HVL at studentane skal få innsikt i dagleg drift av ei reiselivsbedrift gjennom autentiske arbeidsoppgåver, drift og problemstillingar. Emnet skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap kring drift og forstår samanhengen mellom produkt og marknad, service og vertskap og realistiske daglege utfordringar som inngår i drift av ei reiselivsbedrift eller organisasjon.
Emnet legg opp til 150 timar med praksis og det oppmodast om at dette bør skje i perioden 1. juni til 20. august. Men det er og mogleg at praksisen blir gjennomført tidlegare dersom bedrift og student blir einige om det.
HVL inviterer deg til å presentere di bedrift med moglege praksisplass i 2022. Kvar bedrift får 15 minutt til sin presentasjon.
Her finn du invitasjonen frå Høgskulen på Vestlandet
Påmelding på e-post til helene.maristuen@hvl.no innan 31.januar 2022.