HVL Skape

 

HVL Skape er Høgskulen på Vestlandet sitt studenttilbod innanfor innovasjon og entreprenørskap. Dette er ikkje nye ord i høgskulesamanheng, satsinga på innovasjon og entreprenørskap skal bli tydelegare på alle fakulteta. Det er også eit auka fokus på ansvarleg innovasjon.

Høgskulen har eit mål om at HVL Skape skal vere meir enn eit tilbod til dei studentane som ynskjer å starte ei eiga verksemd. Studietilbodet skal gi alle studentane, som sjølv ynskjer, entreprenør ferdigheiter og erfaring med innovasjonmetodikk, slik at også studentar på til dømes helse- og sosialfag og pedagogikkutdannning kan møte arbeidslivet med eit innovativt blikk.

Rådgivar Ida Ramsfjell og studentassistentane Jim Skartein og Lars Røyrhus har starta arbeidet med å synleggjere HVL Skape for studentar ved Campus Sogndal, og for arbeidslivet i Sogn. Ida har ei stilling delt mellom HVL og Sogn Næring, som gir ein unik moglegheit til å knytte studentar og praksisfeltet tettare saman . For HVL Skape er samarbeid med aktørar i regionen svært viktig- både offentleg og privat.

Er du frå arbeidslivet og har ein case du synes det hadde vert spennande at studentar jobbe med? Ta gjerne kontakt med Ida på ida@sognnaring.no

Eller er du student og har ein idé du ynskjer å få veiledning på? Send oss ein uforpliktande mail på skape@hvl.no