Studietur til Eidfjord

 

Tidlegare denne veka reiste aktørar frå reiselivsnæringa og kommuna i Vik på Studietur til Eidfjord. Her fekk vi møte mange ulike aktørar som jobbar med cruisenæringa i Eidfjord. Målet med turen var å samle erfaring og inspirasjon frå ein destinasjon som har arbeida aktivt med ei satsing mot cruise i mange år. På programmet var både Vøringfossen, Turistinformasjonen, besøk innom ulike aktørar og møte med representantar frå kommuna. Kommuna fortalte om ein aktiv satsing mot cruise, og planar om store invisteringar i framtida. Aktørane frå Vik tok med seg mange nye tankar og idear som kan brukast inn mot planlegginga av 2023 sesongen og vidare.

 

aktueltKaroline Myklebust