Informasjon om permitteringar/oppseiingar
NAV Sogndal går no ut med viktig informasjon til alle arbeidsgivarar som vurderer å permittere eller sei opp tilsette i samband med koronaviruset.
Dei neste dagane og vekene forventar NAV stor pågang frå arbeidsgivarar som treng bistand og rettleiing for å sikra at varsel om permitteringar eller oppseiingar blir gjort på ein god måte. Her kjem nokre råd, tips og anbefalingar frå NAV som kan bidra til ein god prosess for både arbeidsgivar og dei tilsette dette vil gjelde for.
Les digital informasjon først
NAV oppfordrar alle arbeidsgivarar til å halde seg oppdatert på NAV sine nettsider:
Varsel om permitteringar skal meldast til NAV
Skjemaet NAV 76-08.03 skal sendast på e-post til nav.sogndal@nav.no
Informasjon og råd til tilsette som blir permitterte
Tilsette med permitteringsvarsel skal ikkje henvende seg til NAV-kontoret. Dei finn oppdatert informasjon på nav.no. Det er viktig at arbeidsgivarar syt for at tilsette som blir permitterte får nødvendig dokumentasjon frå arbeidsgivar, slik at NAV får til ei smidig behandling av søknader om dagpengar.
Viktige vedlegg som arbeidstakarar må ha med i søknaden er:
Permitteringsvarsel
Permitteringsvarselet må innhalde følgande: dato, frist for varsel, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode og at det ligg føre underskreven protokoll på at vilkåra for permittering er oppfylt.
Arbeidsavtale eller stadfesting på arbeidsforhold
Stadfesting på arbeidsforhold må innhalde følgande: når starta vedkommande i jobben, stillingsprosent, eventuell informasjon om variabel arbeidstid/skift/turnus/rotasjon.
Døme på stadfesting på arbeidsforhold: Ola Nordmann har vore tilsett hjå bedrifta som økonomimedarbeidar sidan januar 2008. Han har jobba i ei 100 prosent stilling til dags dato med ordinær arbeidstid.
Kort rettleiing for registrering som arbeidssøkar hjå NAV
1. Gå til nav.no
2. Klikk på «Hva er din situasjon»
3. Klikk på «Er du arbeidssøker eller permittert?»
4. Vel din situasjon
5. Registrer deg – ha tilgjengeleg BankID/BankID på mobil
6. Søke dagpengar: Klikk på Skjema og søknad på framsida. Her finn ein framgangsmåte steg for steg.
7. Registrere CV på arbeidsplassen.no
8. Rettleiingsvideo: CV og jobbprofil på arbeidsplassen.no