Kartlegging av personalressursar
I samband med utbrot av Koronaviruset SARS-CoV-2, har Sogndal kommune behov for å skaffe oversyn over helsepersonell i kommunen. Ein jobbar no med å kartlegge alle tilgjengelege personalressursar innanfor helse- og omsorg i tilfelle kriseberedskap og i denne samanhengen ønskjer kommunen å komme i kontakt med flest mogleg av bedriftene i kommunen.
Vi håper at næringslivet vil bidra med oversyn over tilsette i dykkar organisasjon som har ei utdanning innanfor helse, omsorg, miljøterapi, mat/kokk og eller/ tidelegare arbeidserfaring frå helse og omsorgssektoren. Det vil og vere nyttig å få eit oversyn av tilsette som kan ta på seg ulike oppgåver knytt til tenestene våre, det kan være oppgåver knytt til mattilbereding, telefonvakt, og liknande eller oppgåver som kan krevje opplæring og der vi kan tilrettelegge for dette.
Fint om de tek kontakt med bemanning.helse@sogndal.kommune.no