Informasjonsmøte om tilskotsordningar til utvikling i landbruket
Vestland Fylkeskommune inviterer til informasjonsmøte om dei to tilskotsordningane Rekruttering og kompetanseheving i landbruket og Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket.
Dei ulike tilskotsordningane skal bidra til aktiv jobbing med rekruttering, kompetansebygging og omdømet til landbruksnæringa på Vestlandet, og vere med å auke matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk. Sistnemnde tilskotsordning skal også bidra til utvikling av andre landbruksbaserte næringar, som lokal mat og drikke, reiselivstilbod og verdiskaping basert på utmarksressursane.
Tilskotsordningane er mulig å søke på for kommunar, organisasjoner og forsknings- og utviklingsinsitusjonar. Det vil ikkje bli gitt støtte som bere kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre antal bedrifter, men føretak kan søkje hvis det gjeld eit fellestiltak knytt til næringsutvikling i landbruket.
Gjennom informasjonsmøte vil fylkeskommunen gå gjennom korleis moglegheiter som finnes gjennom dei ulike tilskotsordningane, samt kva som kjenneteiknar ein god søknad. Det vil også bli rom for å stille spørsmål for dei som blir med. Møte vil bli digitalt på Teams 24.august kl.9 - kl.11.