Innovasjonsdagen Sogn - sikre deg billett no!

 

Saman med Kunnskapsparken Vestland har vi endeleg gleda av å invitere til ein dag fylt med inspirasjon, nettverksbygging og nytenking på Innovasjonsdagen Sogn, som i år vil bli arrangert på Quality Hotel Sogndal 23.september.

På Innovasjonsdagen Sogn vil det bli føredrag frå utviklingsorienterte vekstbedrifter og inspiratorar innanfor digitalisering og teknologisk omstilling. Fjellpitch vil også vere ein del av programmet, og vi gler oss til å sjå kva som rører seg i gründermiljøet i Sogn. Programmet er snart spikra, og vi kan allereie avsløre at vi får besøk av Tibber som vil fortlje meir om korleis dei har klart å bli ein kundefavoritt blant strømkundar. Fjordårets Fjellpitch-vinnar, Heidi Aabrekk, kjem også for å fortelje om sin gründerreise med selskapet Hiquid Food, som vil lage flytande mat av reine råvara til dei som har gastrostomi. Resten av programmet vil bli presentert forløpande de neste vekene, men du kan allereie no sikre deg billett.

Innovasjonsdagen Sogn er ein del av Innovasjonsuken OPP, og arrangeres i nært samarbeid med HVL Skape, Teknoløft og Eiergruppa Campus.