Jobb & Leik på ViteMeir og FUS Kaupanger

I forbindelse med elevfri dag 27.januar er det moglegheit til å nytte seg av konseptet Jobb & LeikFUS og ViteMeir. Ved kjøp av dagspass på FUS får du med eit dagspass til ViteMeir (som gjeld 1 forelder og 1 born). Foreldrebilletten kan delast mellom to vaksne, slik at èin kan jobbe medan den andre leikar med bornet i vitensenteret. Born som skal vera aleine i vitensenteret må vera over 10 år. 

Her har du moglegheiten til å blidgjere barna med timevis av nyttig og artig læring, sjefen med effektiv jobbing i arbeidsfellesskapet i 3. etasje, og ikkje minst heile familien ved å kjøpe pizza i kafeen i første etasje til middag.

Kampanjen gir deg sjansen til å teste ut vårt kontorareal på FUS, medan bornet får tilbringe fridagen på ViteMeir! På FUS Kaupanger leiger me ut faste og uspesifiserte kontorplassar i opent landskap, der du også har tilgang på møterom og kaffemaskin.

Velkomen til FUS Kaupanger og ViteMeir 27.januar!

Forrige
Forrige

Kan mindre kompetansemiljø gi raskare karriereutvikling?

Neste
Neste

Ein portal full av kurs og kompetansetiltak