Kan mindre kompetansemiljø gi raskare karriereutvikling?

 

Ein høyrer ofte om dei negative sidene ved arbeidslivet i distriktet og rekruttering er ei utfordring i dei fleste bransjar. Men kan det vere slik at mindre kompetansemiljø kan gi ei raskare karriereutvikling? Og er dette noko vi kan nytte når vi kommuniserer om arbeidsmarknaden i distriktet?

På oppdrag frå Sparebankstiftinga skal Vestlandsforsking undersøke desse problemstillingane. For å kartlegge status i Sogn og fjordane i dag har dei laga ei undersøking som dei ynskjer at så mange som mogleg svarar på.

Føl linken under og hjelp oss å synleggjere den attraktive arbeidsmarknaden i distriktet!

Har de spørsmål om prosjektet kan de kontakte prosjektleiar Kristin Løseth og Daniel Furberg på Vestlandsforsking (Tlf: 93426131/ 45791990)