Karoline Søvik Myklebust tilsett som forretningsutviklar

Vi er glade for å ønskje Karoline Søvik Myklebust velkommen tl oss i Sogn Næring. Saman skal vi bistå utviklingsorientert næringsliv i Sogn og Sunnfjord.

-Å gje råd til bedrifter med utviklingspotensiale, og å rettleie gründerar er noko eg har stort engasjement for, og eg gler meg til å nytte kunnskapen min til det, seier Karoline. -I tillegg har Sogndal har vore på radaren min i lengre tid. Ski, stisykling, fallskjermhopping, klatring, dykking og fjellturar fyller det meste av fritida mi, og då er Sogn eit perfekt utgangspunkt.

-Med Karoline om bord styrker vi selskapet på forretningsutvikling. Det er særleg innan dette området vi opplever at bedriftene, næringshagen og kommunane i aukande grad ønskjer våre bidrag, fortel dagleg leiar Torgeir Skålid i Sogn Næring.

Karoline er oppvaksen i Nordfjordeid, men som talentfull alpinist flytta ho tidleg til Oppdal for å gå skigymnas. Etter eit kort opphald på Lillehammer der ho studerte psykologi, gjekk vegen vidare til University of New Mexico. Frå Anderson School of Management har Karoline Bachelor i business administration med fordjuping i finans og master i business administration med fordjuping i leiing og strategi.

Frå arbeidslivet har vår nye forretningsutviklar med seg god erfaring frå tunge arbeidsgjevarar som  BMW Group Norge og PriceWaterhouseCoopers.

Karoline startar i jobben i juni.

aktueltGuest User