Kartlegging av kompetansebehov i lokale bedrifter!

Sogn Næring fekk i oppdrag frå Sogndal kommune å gjere ei kartlegging av kompetansebehovet i lokale bedrifter i samband med at det er forventa å komme om lag 150 personar til kommuna som flyktar frå krisa i Ukraina.

Arbeid er ein særs viktig arena for integrering som bidrar til meistring og sosial tilhøyring. Mange av flyktningane som kjem vil ha kompetanse som lokale bedrifter treng, i nokre tilfelle kan dei også tilføre noko heilt nytt og sjå moglegheiter der ingen har sett dei før.

Vi fekk mykje tilbakemelding frå eit positivt næringsliv som ytrar eit ynskje om å bidra i den krisesituasjonen flykningane befinner seg i. Det er eit sterkt behov for arbeidskraft innanfor mange næringar, og bredda i behovet syner eit variert og veksande arbeidsmarknad i kommuna. Med eit godt samarbeid mellom kommune og næringsliv er det gode moglegheiter for å finne passande arbeid til flyktningane.