Sogn Næring 15 år
20. april feirar vi at Sogn Næring er 15 år.
Vi kan melde om at jubilanten er høgst oppegåande. Du kan lese meir om organisasjonen vår her. Jubileumsdagen vert det gjennomført generalforsamling i selskapet. Her kan styreleiar Agnar Holen legge fram årsmelding og rekneskap for selskapet.
Frå starten var Atle Stalheim Styreleiar og Paal Fosdal vart tilsett som den første daglege leiaren. I dei 15 åra har det vore ei flott utvikling både i Sogn og for selskapet, og i samband med jubileet har historikar Aage Engesæter oppsummert historia vår. Du kan lese den her.
Historia kjem og i eit svært avgrensa opplag på papir. Om du ønskjer eit eksemplar, send ein epost til torgeir@sognnaring.no.