Klart for 3. kull med Mentorprogrammet!
Då er det straks klart for 3. kull med Sogn Regionråds Mentorprogram. Det er framleis behov for opplæring av mentorar ute i verksemdene for å minske avstanden mellom dei ulike kulturane og skape betre relasjonar i ein sårbar oppstartsfase som "ny i jobb". Programmet har fått særs gode tilbakemeldingar dei tidligare åra.
Heidi Myrvold er ansvarleg for programmet og har planlagt første samling 27.10.22. Dei har laga eit spennande innhald med både gamle og nye innlegg. Det er framleis plass til mange deltakarar! Programmet ynskjar å få med eit bredt spekter av verksemder, både private og offentlege.
Sjå her for meir info om programmet:
Påmeldingsfrist er 20. oktober- men det er alltid plass til 1-5 ekstra. Det er berre å ta kontakt med prosjektleiar Jeanette Walsvik her om det oppstår spørsmål.