Klimaplan, innkjøp og miljøfyrtårn

Vik kommune sin klimaplan og kommunen sine innkjøp var tema på frukostmøte i Vik. I tillegg fekk to flotte bedrifter i Vik overrekt prov på miljøfyrtårsertifisering.

Karen Weichert starta møtet med å orientere om arbeidet med klimaplanen til Vik kommune. Her er det viktig at næringslivet engasjerer seg, og ikkje minst ser potensialet i den grøne omstillinga vi er inne i.

Meir informasjon om det pågåande arbeidet med klimaplanen finn du her.

Kommunalsjef Geir Svendsen orienterte deretter om korleis kommunen jobbar med innkjøp. Dels er det kommunen sin eigen organisasjon som løyser oppgåvene, dels er ein del av Innkjøpssamarbeidet i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Presentasjonen til Geir Svendsen finn du her.

Linn Bad og Highsoft har gjennomført prosess mot miljøfyrtårnsertifisering. På møtet fekk Anne Jorunn Fjærestad og Julia Vangsnes frå Highsoft plaketten som syner at dei no er sertifisert. Ingar Skjerven fekk plaketten for Linn Bad og ordførar Roy Egil Stadheim roste dei to bedriftene for framtidsretta arbeid.

aktueltGuest User