Bli kjend med FUSarane: Julia Levin i Bre og Fjell
Julia Levin frå Gøteborg bytta ut dei sveitsiske alpane for studier og skimoglegheiter i Sogndal. Som godkjent skiinstruktør har ho arbeidd i Verbier, men har no slått seg ned i Sogndal der ho fortsett å dyrke friluftsinteressene.
Kven er de?
Bre og Fjell er eit guidingselskap med base i Sogndal. Vi har guiding og kurs innan både ski, klatring og bre. Vi har 8 tindevegledere som jobbar for oss. Ein tindevegleder er den høgste profesjonelle utdanninga innanfor fjellsport.
Kva jobbar du med?
Eg er dagleg leiar med ansvar for det administrative som booking, kundekontakt, oversikt over prosjekt, økonomi osb. Eg er framleis veldig ny, så det er mykje å sette seg inn i om dagen!
Korleis fant du oss?
Eg visste om FUS sjølv, men det var den tidlegare dagleg leiaren som kom med forslaget om å sitte her for å få et miljø. Eg var veldig glad for forslaget sidan det virka som eit veldig bra sosialt miljø. Det er på campus, nærme treningssenter og det er alltid mykje folk rundt oss.
Kva fordelar ser du med å sitje på fus og ikkje heime?
Framfor alt fellesskapet. Det sosiale er ein veldig viktig del for meg. Her har eg både blitt kjend med folk som eg har mykje til felles med personleg og eg har knytt kontaktar med mange som arbeide med andre ting enn eg gjer sjølv. Å få “kolleger” på tvers av bedrifter og bransjar er ein god måte å få nye innspel og nye ideear inn i min eigen jobb. Det hjelper også på disiplinen å skilje mellom arbeid og fritid.
Og heilt til sist, veit du kva “Fus” betyr?
Nei det har eg ikkje fått med meg. Sikkert noko med utvikling.
FUS - uttrykk som nyttast mellom vener/søsken for å stadfeste førsteretten til noko, den som er førstemann.