Kom med innspel til temaplan for reiseliv i Vestland 2023-2025
Temaplanen er lagt ut til høyring, med høyringsfrist 14. oktober. Tysdag 4. oktober inviterer Vestland Fylkeskommune til eit ope høyringsmøte om planen. I møtet orienterer dei om høyringsutkastet, og det blir også høve til å kome med innspel og spørsmål.
Temaplan for reiseliv i Vestland 2023-2025 konkretiserer korleis fylkeskommunen vil arbeide for utviklinga av berekraftig reiseliv i Vestland gjennom eigne økonomiske verkemiddel, rolla som fagleg rådgjevar og gjennom samarbeid mellom dei ulike aktørane som har ei rolle i reiselivsutviklinga.
Målgruppe: kommunane i Vestland og andre med interesse for reiselivet i fylket
Tid og stad: 4. oktober kl. 9.30-11.30, på Teams
Førebels innhald:
Kort om temaplan reiseliv og føremålet med denne
Prosessen rundt arbeidet med temaplan reiseliv vidare
Sentrale problemstillingar
Spørsmål og diskusjon