Straumstønad for næringslivet
Fredag 16.09 presenterte regjeringa ei ordning for straumstønad til næringslivet som inneheld blant anna lånegarantiar og ei ny energitilskotsordning. Ordninga er retta mot straumintensive verksemder og skal være med på å stimulere til investering i energisparande tiltak i ein overgangsperiode.
Ordninga er tredelt:
1. Direkte og søknadsbasert tilskotsordning som gir 25% stønad for straumpris over 70 øre/kWh. Stønaden krevjar at verksemda gjennomførar ei energikartlegging, eks gjennom Enovas mal, og legg denne ved søknaden.
2. Ytterlegare stønad på 20% for straumpris over 70/kWh om verksemda også pliktar seg til å gjennomføre ENØK-tiltak innan to år.
3. Opptil 50% tilskot til ENØK-tiltaket, utbetalast ved gjennomført tiltak.
I tillegg finns det ein lånegarantiordning for å sikre likviditet. Øvste grense for lånebeløp er sett til 50 mill. kr per føretak/konsern.
Kven kvalifiserar til støtte?
Både ordninga med støtte til straumkostnadar og ENØK-tiltak, og lånegarantiordninga, gjeld for verksemder med strømintensitet på 3%, rekna ut slik at strømkostnadene for bedrifter første halvår 2022 må utgjer minst 3% av omsetninga.
Når trer ordninga i kraft, og kor lenge varar den?
Ordninga gjeld i tre månader: oktober, november og desember.
Eventuell forlenging og oppskalering vil bli vurdert før nyttår 2022.
Utbetaling av stønad kan tidligast skje i november. Gjennomført energikartlegging og oktober-faktura ligg til grunn for utbetaling.
Lånegarantiordninga skal opne i november vare til våren 2023.
Ramme for ordninga
Høgaste utbetaling per verksemd er 5 mill. kr i total støtte til straumkostnadar og ENØK.
Maksimum 3,5 mill. til direkte straumstønad per verksemd.
Gjennomførte ENØK-tiltak får ikkje stønad.
Utbytterestriksjonar
Verksemder som mottar straumstønad vil ikkje kunne utbetale utbytte i 2023.
Ta kontakt med forretningsutviklar Karoline Søvik Myklebust på karoline@sognnaring.no dersom di bedrift har planar om å gjennomføre ENØK-tiltak og har spørsmål knytt til dette.