Kommunale næringsfond i Vik og Sogndal

Både i Vik og Sogndal kan verksemder no søke midlar frå kommunale næringsfond.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd midlar til kommunale næringsfond som eit tiltak mot koronakrisa.

Sogndal kommune fekk tildelt kr. 1.095.748,- Det er no 32 søknadar under handsaming, og søkarane får svar på søknadar fortløpande. Søknadsportalen er stengt.

Vik kommune har fått tildelt 250.000,- og har søknadsfrist 15. april 2021.

I Vik kommune kan næringsliv og organisasjonar også søke midlar frå det ordinære kommunale næringsfondet i Vik kommune.

Om du treng nokon å diskutere prosjektet eller søknaden din med, er vi i Sogn Næring tilgjengelege for deg. Du finn kontaktinformasjonen vår her.

aktueltGuest User