Styrkar arbeidet mot gründerar

Sogn Næring har tilsett Knut-Erlend Rosvold i 50% stilling som forretningsutviklar.

-Det er kjekt å ønskje Knut-Erlend Rosvold velkommen til Sogn Næring-laget. Med Knut-Erlend om bord skal vi byggje arbeidsfellesskap i Sogn og gjere ein enda betre jobb mot gründerar, seier dagleg leiar Torgeir Skålid.

Knut-Erlend har ein spennande bakgrunn. Han starta utdanningsløpet på teknisk fagskule med tittelen fagskuleingeniør, og har etter det teke bachelorgrad i fleirkulturell forståing og mastergrad i kristendom i tillegg til både pedagogiske fag og organisasjonsfag.

Også arbeidserfaringa til Rosvold er mangfaldig. Bakgrunn frå både helsevesen og utdanning, arbeid med ungdom og fleirkulturelle, sosialt entreprenørskap, fornybar energi og internasjonal erfaring har han på CVen. Han har det siste året vore dagleg leiar for solcelleselskapet Function Energy i tillegg til å vere sentral i valkamporganisasjonen til Krf i fylket. Og det er liten tvil om at vi får ein motivert medarbeidar:

-Eg har drive med gründerverksemd i mange år. Det som motiverer meg spesielt med denne jobben er å få stå ved sida av og være ein samtalepartnar med ferske gründerar og få dela nokon av dei hardkjøpte erfaringane som eg har gjort meg gjennom dei 10 siste åra, seier Knut-Erlend. Gleda og meistringsfølelsen av å skape ein arbeidsplass til seg sjølv og andre er noko eg unner alle å få oppleve. Det er viktig at me legg til rette slik at fleire tørr å kaste seg utpå og lar idear bli prøvd ut, det er då me finn gullet. For å få til dette må me skape eit miljø og kultur for å tørre å feile. Eg trur og at sosialt entrepenørskap, moglegheita til å gjere noko godt for samfunnet samtidig som ein skapar ei bedrift er noko som motiverer mange unge i dag. Dette er noko eg brenn veldig sterkt for og som kan gi mange den ekstra motivasjonen som skal til.

I tillegg til morsmålet snakkar Knut-Erlend både engelsk, tyrkisk, spansk og litt russisk.

aktueltGuest User