Kopla.no - småjobbar for ungdom
Over eit år med pandemi har satt store delar av næringslivet i krevjande situasjonar. Som ei følgje av dette er det i år svært få ledige sommarjobbar for ungdom. Dette ynskjer Sogndal kommune å gjere noko med. Saman med Meta IT, vert det no utvikla ein plattform for småjobbar for ungdom.
Prosjektet har på kort tid utvikla seg til å bli kopla.no. Her kan kommune, private og bedrifter legge ut små eller større jobbar som dei ynskjer utført i løpet av sommaren. Plattformen skal etter planen lanserast allereie 18. juni.
Potensialet til plattformen er langt større enn formidling av sommarjobbar, dette er eit prosjekt vi skal fortsette å arbeide med, seier prosjektleiar Aina Thomassen.
Men fram til lansering er det nettopp sommarjobbar for ungdom det vert fokusert på og prosjektgruppa oppmoda bedrifter og private om å tenka gjennom kva jobbar dei kan leggja ut når plattformen vert lansert.