Kick off for reiselivet i Sogn!

Fredag 11. juni, arrangerte Balestrand Adventure kick off for reiselivet i Sogn. Ein spanande agenda vart satt opp for å gjere reiselivet klart for den komande sesongen.

Balestrand adventure tok initiativ til samlinga for å løfte Sogn som reisemålsdestinasjon og for å få til eit tettare samarbeid og produktutvikling, på tvers av fjordar og kommunegrenser.

Det er tydeleg at det er fleire som kjenner på det same behovet, både oppmøtet og engasjementet i salen tyda på at det.

“Responsen har vore heilt suveren, vi har fått så mange positive attendemeldingar og ein ny giv mot den komande sesongen”- seier styreleiar i Balestrand adventure, Lars Arne Molsnes.

Vi heiar på slike tiltak og ynskjer alle masse lukke til med den komande sesongen.

 

Som målbedrift i Sognefjorden Næringshage arbeida Balestrand adventure med forretningsutvikling, saman med vår forretningsutviklar, Line Bjelde. Kontakt oss gjerne, om di bedrift er interessert å bli med i Næringshagen.

aktueltLine Bjelde