Kopla.no – småjobbar for ungdom
Fredag 18. juni lanserte Sogndal kommune ei splitter ny plattform der bedrifter og privatpersonar kan leggja ut småjobbar som ungdommar mellom 13 og 18 år kan søka på. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom kommunen, MetaIT og Sogn Næring.
Plattforma skal leggja til rette for at bedrifter og privatpersonar i kommunen kan leggja ut småjobbar som ungdom mellom 13 og 18 år kan søka på. Tanken er at plattforma skal vera enkel å nytta, både for dei som legg inn småjobbane og dei som skal søka.
Plattforma er ei nettside som koplar saman dei som har behov for hjelp og dei som ønskjer å tena seg nokre kroner i løpet av sommaren. Avtale om tid og stad, og løn for oppdraget, går direkte mellom den som har lagt ut småjobben og den som får den.
Kopla.no vil gjennom sommaren få hjelp frå to ungdommar som skal fungera som vertar for sida, og svara på spørsmål frå alle brukarar. Søknadsfrist for desse stillingane er fredag 25. juni. Du kan sjekka ut stillingane her.
Ideen har kome på bakgrunn av at det er og har vore vanskeleg for ungdom å få seg sommarjobb, særskilt dei under 18 år.
Det å prøva seg i sommarjobb er ein fin inngangsport i arbeidslivet. Me håpar difor at kopla.no vert nytta av alle som har behov for hjelp til å utføra store og små oppdrag, og at me saman gjer dette til ei aktiv og god plattform.
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med prosjektleiar Aina Thomassen på tlf. 41 69 16 15 eller e-post aina.thomassen@sogndal.kommune.