Korleis snu produkta våre mot nye marknader?

Sognefjorden Næringshagen inviterer reiselivsbedrifter til work-shop om mogelege fellesprosjekt og potensialet for prosjektfinansiering i bedrifta di. Kva vil kunden ha? Korleis gjer vi produkta våre meir attraktive for dei kortreiste kundane? Korleis utvidar vi sesongen med denne kundemassen?

  • 5. august: Fjærland Fjordstove Hotel

  • 6. august: Flåmsbrygga Hotel

13:00 Lunsj med lokale råvarer

13:30 Work-shop

Saman med gode samarbeidspartnarar teiknar og fortel Bård Huseby, eigar av Fjærland Fjordstove Hotel og forskar ved Vestlandsforsking, om målet med samlinga. Dei fortel om ei kartlegging dei har gjort dei siste åra, og korleis dei har nytta kunnskapen til å forbetre produkta sine.

Du får høyre historiane til Knutholmen (Jan Fredrik Fosse) og Fjærland Guiding (Jarle Mundal) om kva tiltak dei har gjort - og effekten av desse, for å tiltrekke seg nordmenn.  Designer Gunvor Røkholt har jobba med ma Knutholmen, Aurland 29/2 og Villa Åmot) og vil gje nokre døme på gode tiltak.

Deltakarane presenterer seg og vert utfordra på sine behov

Deretter vert det diskusjon for å sjå om deltakarane har felles behov som kan løysast gjennom felles kunnskapsinnhenting eller utviklingsprosjekt.

14:30 Representantar frå Innovasjon Norge og Line Bjelde og Torgeir Skålid frå Sognefjorden Næringshagen fortel om forsterka og nye verkemiddel for reiselivet.

15:00 Bedrifter som ønskjer det kan få individuell rettleiing og hjelp til søknad

Ressurspersonar i Sognefjorden Næringshage, Vestlandsforsking, Sogn Næring og det kommunale næringsapparatet står til disposisjon for bedifter som vil diskutere eit nytt prosjekt, eller skrive ein søknad om midlar frå Innovasjon Norge eller Forskingsrådet .

———————————————————————

Påmelding

Påmelding her innan 24. juli. Det er avgrensa tal plassar - førstemann til mølla! Deltaking er gratis for 1 deltakar per bedrift, ved fleire deltakarar frå same bedrift er prisen 490,- kr.