Koronasituasjonen - nye økonomiske tiltak frå regjeringa
Fredag 29. januar blei det lagt fram forslag til nye og forlenga økonomiske tiltak i samband med koronasitusjonanen. Støtteordningane retta mot bedrifter og arbeidstakarar blir styrka, og det blir lagt til rette for omstilling av reiselivet og fleire innovasjonsprosjekt i næringslivet.
Særskilt relevante tiltak retta mot næringslivet i Sogn er:
Forlenging av kompensasjonsordninga for føretak med stort omsetningsfall ut juni
Forlenging av omstillingsordninga for event- og reiselivsnæringa ut juni
Midlertidige reglar for sjukepengar til arbeidstakarar, frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande ved koronarelatert fråvær blir forlenga ut juni
Perioden med arbeidsavklaringspengar som arbeidssøkar blir forlenga ut juni
Ta kontakt med oss i dag om du har ein god idé og ynskjer å utvikle bedrifta di i ei krevjande tid. Kanskje er innovasjonstilskot hjå Innovasjon Norge det du treng for å kome i gang?