Dagfinn (82) utviklar språkapp

Ideen utvikla seg over tid i samband med at eg vart kjend med framandspråklege og prøvde skaffa arbeid til dei. Eg fann ut at det ikkje er nokon generell skepsis til framandspråklege i norske verksemder, men dei framandspråklege vil ofte komme til kort fordi dei har for dårleg ordforråd for gjennstandar og verktøy eller tekniske omgrep som vert nytta innan ulike deler i arbeidslivet.
— Dagfinn Bondevik

Om ein ser vekk frå alderen er det lite som skil Dagfinn frå andre ambisiøse gründerar. Det er sjeldan vi får arbeida saman med 80 år gamle gründerar, men Dagfinn har vist vilje og engasjement til å få til noko, slik som alle andre gründerar vi arbeida med i Sogn Næring.

Og ambisjonane dei er klare, det skal etablerast ei levedyktig komersiell verksemd basert på digital språkopplering og lanseringa av betaversjonen skal allereie skje i vår.

Du kan lese meir om Dagfinn og ideen hans i porten.no.

aktueltLine Bjelde