“Data er den nye oljen vi enda ikkje har pumpa opp”

 

Bilde: Rapport Digital Modenhet på Vestlandet, NCC og Bergen Næringsråd

Hausten 2021 starta Bergen Næringsråd og Norwegian Cognitive Center eit kartleggingsarbeid av digital modenheit på Vestlandet. Resultatet fortel oss at vi har ein lang veg å gå når det kjem til digitalisering og digital modenheit. Gjennom 200 møter med ulike verksemder har NCC fått god kjennskap til korleis næringslivet arbeida med teknologi.

Rapporten peika på desse hovudfunna:

“Toppleiarane leika venteleiken”

Leiarane i vestlandsbedriftene har langt mindre kunnskap enn sine medarbeidarar og mellomleiarar om kor kritisk kunstig intelligens og data er for næringslivet.

“Data er den nye oljen”

14 000 verksemder på Vestlandet forstår ikkje verdien av data. Kvar femte verksemd som har forstått verdien manglar konkrete planar og strategiar for å utnytte dataen.

Bilde: Rapport Digital Modenhet på Vestlandet, NCC og Bergen Næringsråd

“Tid for handling er no, ikkje om ti år”

Kvar fjerde verksemd trur at deira største konkurrent i framtida vil vere maskiner, algoritmer og roboter. Likevel manglar majoriteten av verksemdene kompetanse til å starte på teknologireisa.

Heile rapporten finn du her.

Bilde: Rapport Digital Modenhet på Vestlandet, NCC og Bergen Næringsråd


Bergensselskapet Sharecat vil forenkle teknisk informasjonsflyt med kunstig intelligens

Sharecat leverer ein skybasert teknologiplattform for handtering av teknisk anleggsinformasjon til industrier med komplekse produksjonsanlegg, både nasjonalt og internasjonalt. Selskapet deltok på ABC KI i 2021 og er no godt i gang med å videreutvikle systemet gjennnom kunstig intelligens.

På denne bakgrunnen har Sharecat og IBM inngått ein partneravtale for bruk av IBMs skyteknologi for å støtte Sharecat’s globale vekst.

Sikre, hybride skyløsninger og muligheten til å skape økt verdi av data gjennom bruk av kunstig intelligens er IBMs strategi. For å kunne hjelpe enda flere kunder å optimalisere sine forretningsprosesser ved bruk av innovativ teknologi satser vi stort på vårt økosystem av partnere, og vi er glade for å få Sharecat med på laget, sier Loek Vredenberg, teknologidirektør i IBM Norge.

Sharecat er eit av selskapa som har deltatt på ABC Kurset i Kunstig Intelligens og som har starta si reise i ein verden av maskinlæring og Kunstig Intelligens.


Odd Gurvin, prosjektleiar i NCC seier dette om kurset vi skal halde i september.

Kunstig Intelligens vil i åra som kjem vere den viktigaste enkeltfaktoren som bidreg til auka verdiskapning i eit stort antall bransjer. ABC kurset som blir gjennomført av Digital Norway gir ei god innføring i kva kunstig intelligens er, korleis det utviklast og kva teknologien kan – og ikkje kan brukst til. Kurset er retta mot mennesker som arbeida i korleis som helst organisasjon eller avdeling, da faglig nøkkelkompetanse er avgjerande for om ei verksemd kan ta i bruk KI eller ikkje. Kurset er ikkje for teknologar, men for leiarar, mellomleiarar og medarbeidarar innan ei rekke ulike disiplinar, og som med noko kompetanseheving kan bli den som oppdagar, definerer og kommuniserer problemstillingar som kan løysast med KI.

Meld deg på kurset i dag og lær meir om kva for moglegheitar KI kan gi di bedrift!

 
aktueltLine Bjelde