Kvalitetsopplevingar på Haukåsen

Anne Sissel Gjelsvik tilbyr saman med mannen Jomar Haukås kvalitetsopplevingar, -mat og -losji til high-end-delen av reiselivet på Haukåsen. Onsdag var Anne Sissel på Innovasjonsbygget på Campus for å inspirere og formidle noko av det dei har fått til.

Anne Sissel og Jomar er 10. generasjon på eit småbruk som ligg på Kaupanger, 500 meter over havet. Då Jomar tok over bruket var han usikker på korleis han kunne nyttegjere seg av resursgrunnlaget. Inspirasjonen kom etter kvart då han var på fiske i Lærdalselva. Han tok til å lage ein fiskedam, og etter fleire år med arbeid kom dei første kundane i form av bubilturistar og liknande.

Etter kvart skjønte dei at dei måtte nyttegjere seg av å ha flyplass «i hagen», og byrja å satse på bedriftsmarknaden. Litt etter litt har verksemda vakse, med overnattingslokale og ulike aktivitetar som hjortejakt og det kundane elles måtte ynskje. Dei siste 20 åra har dei drive high-end turisme, med skreddarsydde opplevingspakkar for kvar enkelt gjest. Haukåsen vert alltid leigd ut eksklusivt til kvar enkelt gruppe. Marknadsføringa går av seg sjølv, ved at grupper som har vore på besøk fortel om det til andre.

Gjestane kjem i stor grad frå utlandet, og er alt frå rike russerar til amerikanske kjendisar. Til Haukåsen kjem dei for å ete god lokalmat, slappe av og elles vere heilt i fred frå omverden. Anne Sissel understreka at det er viktig å følgje magefølelsen, og at det å jobbe etter ein plan aldri har vore for dei. Kombinasjonen av hardt arbeid, dyktigheit og litt flaks har gjort at dei har lukkast. Dei er også opptekne av å bruke lokale partnarar til logistikk og anna. Slik kan dei fokusere på vertskapsrolla og legge til rette for gode opplevingar for gjestene.

aktueltGuest User