STREAMING: Lunsj med påfyll: Nortura Sogndal

Følg innlegget direkte i lunsjen onsdag 8. januar frå 11.30 nederst på denne sida.

Nokre onsdagar kvar månad inviterer FUS Sogn, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar i 2. etasje i Innovasjonsbygget. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Hjørnesteinsverksemda Nortura har over 70 tilsette og ei lang historie i Sogndal. Korleis er det å styre ein tradisjonsrik produksjon i tider med stadig større krav til både kvalitet og effektivitet? Lærdølen Inghild Lysne Sanden styrer Nortura sin fabrikk i Sogndal og kjem til Campus Sogndal for å dele sine erfaringar.

Du finn meir om arrangementet her.

https://www.facebook.com/events/658965667958317/ Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User