Vil du vere med å skape vekst og utvikling i Sogn?
Sogn Næring er Sogndal kommune og næringslivet sitt apparat for næringsutvikling og skal bidra til auka tal på arbeidsplassar i regionen. Selskapet skal leggje til rette for dei som ynskjer å starte eiga bedrift eller utvikle eksisterande verksemd og bygge Sogn som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. I tett samarbeid med kommunane, næringslivet og andre verkemiddelaktørar i Sogn, arbeider me for å bygge sterke nærings- og kompetansemiljø på tvers av bransjar og kommunegrenser. Vi opererer også SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage, eit program som skal gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst.
Verdiane våre er initiativ, handlekraft og samspel. Sogn Næring sitt arbeid skal vere kjenneteikna av at me tek initiativ ved å inspirere og legge til rette for utvikling, nye løysingar, samarbeid og ny kunnskap. Vi skal vere handlekraftige ved å vere lett tilgjengelege og kunne mobilisere raskt når det trengs. Gode resultat blir til gjennom samarbeid med våre mange samarbeidspartnarar, og samspel er difor ein viktig verdi for selskapet.
Vi har no ledig fast stilling for engasjert forretningsutviklar/seniorrådgjevar som brenn for idéskaping og utvikling av nytt og eksisterande næringsliv.
Kontorstad er Campus Sogndal, Sogndal kommune, med heile Sogn som arbeidsplass.
Arbeidsoppgåver
Legge til rette for utvikling i eksisterande næringsliv
Rådgjeving og oppfølging av gründerar
Evaluering av forretningsidear, utvikling av forretningsmodellar og strategiar
Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar
Leiing av utviklingsprosjekt
Administrasjon og utvikling av interne verktøy og arbeidsmetodar innan forretningsutvikling
Ynskja kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning, høvesvis på mastergradsnivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning.
God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd
Prosjektleiarerfaring eller god kjennskap til prosjektarbeid
Kjennskap til verkemiddelapparatet og finansielle støtteordningar
God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
Vi ynskjer ein person som er
engasjert, initiativrik og sjølvstendig
har evne til å motivere til utviklingsarbeid
er løysingsorientert og kan vise til oppnådde resultat
er god på nettverksbygging og samhandling
Vi tilbyr
ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen
gode utviklingsmogelegheiter
gode løns- og pensjonsvilkår
fleksibel arbeidstid
Hugs å legge ved både CV og søknad i den elektroniske søknadsportalen.
Kontaktperson: Line Bjelde, tlf. 906 18 483, line@sognnaring.no.