Nettbasert etablerarkurs

Har du ein forretningsidé eller en bedrift du ønskjer du å vidareutvikle?

Lurer du på korleis du skal gå fram for å utvikle prosjektet og finne ut om du skal satse på dette?

Då er dette kurset relevant for deg!

Påmelding og meir informasjon finn du på driftig.no

I løpet av programmet blir du introdusert til:

  • ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt

  • ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo

  • rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Kurset går over 9 nettbaserte samlingar frå 01. til 19. februar.

Mellom samlingane er det venta at du arbeider med å utvikla prosjektet ditt. Du får individuell oppfølging.

S-E-A-M, metoden som nyttas i kurset er utvikla ved NTNU i samarbeid med Entreprenerdy

Kven passar dette for?
Kurset er for deltakarar tilhøyrande Sogn og Fjordane som ønskjer å utvikla eigen kompetanse om entreprenørskap og få råd og rettleiing i samband med vidareutvikling av eigen bedrift eller forretningsidé. Programmet er lagt opp slik at du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre.

Det er avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla! Programmet er gratis.

Påmelding og meir informasjon finn du på driftig.no

aktuelt, kompetanseGuest User