Statsråden fekk ein smak av Sogn
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram fekk med seg mange gode råd frå heile Vestland under vitjinga til Sogndal. Statsråden held innspelsmøte i alle fylka. For Vestland var møtet lagt til Campus i Sogndal der Gram var vertsskap for omlag 25 aktørar frå både næringsliv, organisasjonar, FOU-institusjonar og offentleg sektor.
I etterkant av innspelsmøtet, fekk ordførar Arnstein Menes, kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo og dagleg leiar i Sogn Næring, Torgeir Skålid møte statsråden. I møtet var det særleg fokus på
Lokalsamfunnsutvikling og utvikling av distriktsreiselivet
Regionsenterutvikling
Tillitsreformen
Verkemiddelapparat for næringsutvikling
Vi i Sogn Næring fekk og fortelje om arbeidet vi gjer rundt etablering av distribuerte arbeidsfellesskap - FUS og det viktige regionale arbeidet med inkluderingsprosjektet Sogn for alle.
Rocketfarm og Nlink tok godt i mot ministaren på Rockethouse. Demonstrasjon av palleteringsroboten var spennande innslag, og Halvor Gregusson og Egil Mundal engasjerte delegasjonen.
Til slutt på runden sin i Sogndal, fekk Gram ein introduksjon til digitaliseringssatsinga i Sogndal kommune. Han fekk og teste 3D-skanning av kommunale bygg, eit samarbeid mellom Envision IT og kommunen
- Eg er imponert over kreativiteten, skaperkrafta og optimismen som råder i Sogndal, og som bidreg til at kommunen er ein attraktiv distriktskommune både for innfødde og tilflyttarar, sa Gram då han avslutta vitjinga.
Foto: KDD