Lunsj med påfyll: Samskaping for eit berekraftig Sogn

Enda eit flott arrangement med stort oppmøte på Campus Sogndal onsdag 23 mars! Ellen Eimhjellen Blom og Ruth Emilie Skjærvik Nygård fortalte dei oppmøtte om samarbeidsprosjektet «Samskaping for eit berekraftig Sogn» og korleis ein skal utvikle fysiske og digitale møteplassar og eit tverrfagleg kurs for tilsette i næringsliv, frivillige organisasjonar og studentar der ein saman skal arbeide med reelle utfordringar i Sogn.