Vi samlar næringslivet i Flåm!

 

Sogn Næring er stolt medarrangør på nyvinninga Næringskonferansen i Flåm: Samarbeid løyser utfordringar. Målet er å skapa ein årleg konferanse om utvikling, samarbeid, innovasjon, kunnskapsformidling og omstilling for norsk næringsliv. Årets konferanse vil vera eit møtepunkt med fokus på framsnakking av tida som kjem, og samarbeid er ein raud trå gjennom heile arrangementet.

Konferansierane Finn Tokvam og Line Bjelde skal lose oss gjennom ein dag fylt med interessante foredrag. Under konferansen vil me få lære meir om korleis ulike bedrifter og aktørar samhandlar for å ta posisjon i marknaden.

Endeleg program vert snart lansert, men her får du ein smakebit på kva du kan forvente: 

Tore André Flo: Korleis ein som lag utviklar enkeltspelarar

Awake: Slik kommuniserer vi berekraftsarbeidet vårt

Jannet Aksnes: Utviklinga av PopUp Norge

Tom Dyrdal: Frå Gaupne til Premier League

Restart Reiseliv: Sidan våren 2021 har offensive reiselivsaktørar i Aurland, Luster og Sogndal saman med Sogn Næring og Visit Sognefjord arbeida med å restarte og forsterke samarbeid og utvikling i reiselivsbygdene i Sogn. Vi får ein smakebit frå arbeidet og møte med bedriftene.

Heidi Hauge i Visit Sognefjord: Heile Sogn. Heilt ekte. Heile året. Masterplan for reisemålet Sogn er no vedteken. No startar jobben, og den må vi gjere saman.

Sogn Avis: Best frå Sogn 2022. Sogn Avis har invitert lesarane til å kåre årets produkt, årets bedrift og årets gründer. Vinnarane blir annonsert her.

Velkomen til ein dag med inspirasjon og fagleg påfyll i hjarta av Vestland fylke!

Næringskonferansen i Flåm blir arrangert på Fretheim Hotel av Norway’s best, medarrangørar: Sognefjorden Næringshage, Sogn Næring, Visit Sognefjord og Backline Voss.

 
aktueltStian Hofslundsengen