Jobb & Leik på ViteMeir og FUS Kaupanger

4. november testar me ut konseptet Jobb & LeikFUS og ViteMeir. Ved kjøp av dagspass på FUS får du med eit dagspass til ViteMeir (som gjeld 1 forelder og 1 born). Foreldrebilletten kan delast mellom to vaksne, slik at èin kan jobbe medan den andre leikar med bornet i vitensenteret. Born som skal vera aleine i vitensenteret må vera over 10 år. 

Her har du moglegheiten til å blidgjere barna med timevis av nyttig og artig læring, sjefen med effektiv jobbing i arbeidsfellesskapet i 3. etasje, og ikkje minst heile familien ved å kjøpe pizza i kafeen i første etasje til middag.

Kampanjen gir deg sjansen til å teste ut vårt kontorareal på FUS, medan bornet får tilbringe fridagen på ViteMeir! På FUS Kaupanger leiger me ut faste og uspesifiserte kontorplassar i opent landskap, der du også har tilgang på møterom og kaffemaskin.

Velkomen til FUS Kaupanger og ViteMeir 4.november!


aktueltStian Hofslundsengen