Har tru på ein betre turistsesong

Calum Macintyre og Adam Gairns flytta til Sogndal for å dyrke sine interessert for snøbrettkøyring, samstundes som dei gjennomførte ein master i Climate management på HVL. Resultatet vart Lokel, eit selskap som tilbyr sykkelutleige til Sogningar og turistar. Selskapet vart lansert i juni 2020, med turistar som si primære målgruppe.

Som for alle andre reiselivsverksemder, vart oppstarten prega av covid19 pandemien og det vart fort tydeleg at bruken av syklane ikkje vart som venta. Dei driftige grûnderane forstod at dei laut gjere tilpassingar. Ein søknad til det kommunale næringsfondet og målbedriftsavtale i Sognefjord Næringshage la grunnlaget for ei marknadsundersøking og spissing av strategi, marknadsføring og kommunikasjonsarbeid. Calum fortel at å ha eit miljø i ryggen gav dei boosten til å fortsette å utvikle verksemda.

“Støtten og miljøet var viktigare enn midlane vi fekk” - Calum Mcintyre

Trass den utfordrande starten er Lokel klar for å brette opp armane mot ein ny sesong. Calum og Adam ynskjer at Lokel skal vere ei lett tilgjengeleg og enkel teneste, for både turistar og Sogningar. Gjennom marknadsundersøkinga fekk dei innspel til kvar det burde vere mogleg å parkere syklane. Nytt av sesongen er difor fleire nye parkeringsområde.

Calum fortel at gjennom målbedriftsavtalen i Næringshagen har dei kunne jobba meir målretta med strategi- og kommunikasjonsarbeidet. Resultatet så langt er ein ny app, oppfrisking av nettsida og nye plakatar.

“Vi har lært at vi kan ikkje vere gode på alt, men heller nytte oss av dei som er skikkeleg gode på sine område”
Calum Mcintyre

No er dei klare for ein ny sesong, Nye turar for turistar er lagt inn på nettsida og dei er i gong med samarbeidsprodukt med andre lokale aktørar.

“Eg har tru på at sommaren vert bra, og at det kjem mange turistar som ynskjer å oppleve Sogndal frå sykkelsetet”
Calum Mcintyre


Sogn Næring har ei pådrivarrolle for å motivere bedriftene til å nytte den vanskelege perioden til utviklingsarbeid. Vi bidreg og gjerne til å utvikle prosjekt og søknadar til ulike støtteordningar. Ta gjerne kontakt med oss i dag.

Fokus på kommunikasjon

Tydelegare kommunikasjon skal gjere det lettare å ta i bruk syklane.

Her syner Calum dei nye plakatane utanfor Sogningen storsenter.

aktueltLine Bjelde