Nye midlar til omstilling i reiselivet
No kjem Innovasjon Norge med nye midlar til omstilling i reiselivs-, event- og serveringsnæringane.
Dette vert den 3. runden med omstilingsmidlar til næringa og denne gongen ligg det 850 millionar i potten. Ordninga er retta mot verksemder som kan dokumentere minimum 30 prosent gjennomsnittleg fall i omsetning for månadane desember 2020, samt januar og februar 2021 sammenlikna med same periode i 2019 og 2020.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her
21. mai vart det arranger eit webinar om ordninga. Du finn det i opptak her.
Vi i Sogn Næring står til disposisjon for bedrifter som ønskjer hjelp til å utvikle prosjekta sine eller treng bistand til ein søknad. Ta gjerne kontakt med oss!