Lunsj med påfyll: Balder Brygg

Onsdag 19. februar frå 11:30, 2. etasje Innovasjonsbygget, Campus Sogndal. Følg arrangementet direkte nederst på denne sida.

Balder Brygg as starta opp ølproduksjon i Leikanger i juni 2012. Produksjonen er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen års gammal vestnorsk heimebryggartradisjon. Til Campus Sogndal kjem Bryggerimeistar Joar Melvær Njøs for å fortelje om brygging, bryggeriet og framtida til Balder.

-------------------------

Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal.

Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

Video: Kent Fimreite

arrangementGuest User