Lunsj med påfyll: På tur med Fotefar i heile verda, og til Sogn
Vesterland torsdag 20. februar klokka 11:30. Du kan og sjå arrangementet nederst i denne artikkelen.
I ei årrekke har Rasmus Sunde og Fotefar temareiser teke nordmenn med på spennande kulturreiser til heile verda. No lokkar dei og nordmenn til Sogn. Møt Rasmus Sunde og Inga-Britt Morken som fortel både om historia og framtidsplanane til selskapet.
-------------------------
Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal.
Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.