"Lunsj med påfyll” på FUS Kaupanger

HVL=
Høgskulen på Vestlandet

Sogn Næring ynskjer å skape ein lågterskel møteplass for næringslivet i kommunen, der vi inviterer til å ta med matpakka og ete lunsj saman med oss ; «lunsj med påfyll». Vi inviterer gjester som ynskjer å dele ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Torsdag 8. desember var det vår eigen rådgjevar Ida Ramsfjell saman med studentassistent Jim Skarstien som kom for å fortelje om HVL si satsing kring studentinnovasjon – og entreprenørskap, samt Ida si delte stilling mellom HVL Skape og Sogn Næring.

Ida formidla det auka fokuset på samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet, og korleis den delte stillinga hennar kan nyttast til dette. Dei frammøtte fekk høyre om «case-verkstadene» som skal arrangerast månadleg i 2023, og korleis dei sjølv kan nytta seg av kreative studentar ved HVL.

Det vil fortløpande bli oppdatert fleire «lunsj med påfyll» over nyåret på FUS-lokasjonane, og vi håper å sjå deg der!

Jim og Ida

 
Ida Brastad Ramsfjell