Takk for i år , vi gler oss til det neste!

 

Året som har gått

2022 har vore eit innhaldsrikt og fartsfylt år. Det har vore året då kvardagen endeleg vendte tilbake for næringslivet. Vi fekk møtast att på arbeidsplassen, samlast på kurs og seminar og vi fekk lov å reise ut på besøk til bedrifter og næringsliv igjen. Men sjølv om det har vore eit år med oppheva restriksjonar og auka aktivitet har det vore eit år prega av andre utfordringar. Krig i europa og ekstreme struamprisar har krevd ein ny innsats av næringslivet. Vi har sett korleis bedriftene har bretta opp armane, grepe moglegeheitar og stått på for å halde fram med utvikling av eit berekraftig næringsliv. Vi er stolte og imponerte over det lokalt næringsliv gjer og held fram med å gjere.

Utover dei ordinære oppdraga frå Sogndal og Vik kommune, har vi arbeida med nokre større prosjekt, på tvers av kommunegrenser og aktørar. Nokre av dei vi kjem til å hugse som ein stor del av 2022 er nok; Restart reiselivet, utviklinga av cruisesatsinga i Vik, Kraftoverskot som grønt konkurransefortrinn og utvikling av Fus-strukturen.

Organisasjonsendring

I tillegg til ei brei portefølje av oppgåver og prosjekt har Sogn Næring som organisasjon vore i nokså stor endring. Med tilsette som har starta og reist, ny delt stilling med HVL skape og ny leiar. I dag er vi ein fin gjeng på 5 stykk, og vi gler oss til å bli enda fleire i løpet av 2023.

Vi arbeida kontinuerleg med korleis vi best kan bruke strukturere arbeidet vårt, slik at det blir enklare for dei vi arbeida for og med, å vite kven dei skal kontakte og kva for tenester vi kan tilby. Vi ser fram til å kunne fortelje meir om dette på nyåret.

2023!

Sogn Næring skal halde fram med arbeidet som næringsapparatet til Sogndal og Vik kommune og vi er stolte over at vi saman med Sognefjord Næringshage skal tilby Næringshageprogrammet dei neste 10 åra. Vi skal fortsette å fokusere på utvikling i heile Sogn. Vi skal halde fram med prosjekt innan grøn næringsutvikling, arbeide meir med lokal mat og drikke. Det skal haldast fleire kurs, arrangement og studieturar, og vi skal truleg vere med å opne enda fleire Fus-fellesskap.

Takk for i år og god jul!

Vi i Sogn Næring ynskjer å takke alle samarbeidspartar, oppdragsgivarar og kunder for eit strålande 2022 og vi gler oss til å bidra til utvikling i Sogn i 2023!

Med ynskjer om ei god og fredelig jul!

Helsing,

alle oss i Sogn Næring

 
aktueltLine Bjeldeaktuelt