Lunsj med påfyll: Sogndal Fotball

Torsdag frå 11:30, Cafe Herman, Leikanger.

Sogndal Fotball vil vere klubben og identitetsskaparen for heile Sogn. I 2020 spelar laget for 3. sesongen på rad i Obosligaen. Kor går vegen og kva grep er naudsynt for å komme attende i det gjevaste selskapet? Dagleg leiar Rasmus Mo tek turen til Herman denne dagen få ta lunsjen med sambygdingane.

-------------------------

Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal.

Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.

Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.

arrangementGuest User