Innspelsmøte nærings- og samfunnsutvikling
Strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling skal sette retning for Sogndal kommune sitt utviklingsarbeid i åra som kjem. Planen forpliktar kommunen, og legg føringar for korleis ein skal samskape med privat og frivillig sektor.
No er utkast til plan klart, og me ynskjer innspel frå innbyggjarane og næringslivet på dei føreslegne strategiske vala. Difor vert det med dette invitert til møte i dei gamle kommunesentera, fordelt tematisk mellom nærings- og samfunnsutvikling:
Innspelsmøte samfunnsutvikling:
Tysdag 11. februar klokka 19.00-21.00, Midtnes hotel, Balestrand
Onsdag 12. februar klokka 19.00-21.00, Sognefjord Hotel, Leikanger
Måndag 24. februar klokka 19.00-21.00, Quality Hotel Sogndal
Innspelsmøte næringsutvikling:
Tysdag 25. februar klokka 19.00-21.00, Sognefjord Hotel, Leikanger
Onsdag 26. februar klokka 19.00-21.00, Midtnes hotel, Balestrand
Torsdag 27. februar klokka 19.00-21.00, Quality Hotel Sogndal
Utkast til Strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling finn du på kommunen sine heimesider. Utkastet ligg òg på dei tre kommunehusa.
Velkommen!
Sogndal kommune – Komité for samfunnsutvikling