Mange gode innspel til strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling
Strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling skal sette retning for Sogndal kommune sitt utviklingsarbeid i åra som kjem. Planutkast har no vore på høyring, og Sogn Næring og Sogndal kommune har gjennomført innspelsmøter i dei gamle kommunesentera.
Det blei arrangert eigne møter med tema næringsutvikling. Der blei det mellom anna diskutert kva som er viktig for å sikre nyskaping og utvikling i etablert næringsliv og kva som er viktig for dei som ynskjer å starte ei bedrift. Korleis ein best kan sikre at folk vil bu og arbeide i Sogndal kommune var også tema på møtet.
Nokre stikkord frå tilbakemeldingane er kapitaltilgang, gode møteplassar, tilgjengeleg næringsareal, lokal kunnskap i næringsapparatet, informasjon og god rådgjeving, gode basistenester frå kommunen, profilering og merkevarebygging av regionen m.m.
Takk til dei som møtte, vi fekk mange gode innspel som vi vil ta med oss i det vidare arbeidet.