Sognagrepet vann Fjellpitch!

I dag gjekk Fjellpitch av stabelen – ein idékonkurranse for dei som har ein forretningsidé dei ynskjer å utvikle. Målet med konkurransen er å skape ein lågterskelarena der det er gøy og ufarleg å teste ut ein idé som kan bli til ei livskraftig bedrift.

Førsteplassen gjekk i år til Sognagrepet. Dei lagar lagar kalkposar for klatrarar av gjenbruksmateriale – eit berekraftig alternativ til masseproduserte tradisjonelle kalkposar. I si vurdering la juryen vekt på at vinnaren har ein tydeleg forretningsidé som møter behovet til kundane. Dei har utvikla ei lokal merkevare som kan skalerast opp, med potensiale for den internasjonale marknaden.

Vi håpar at premien, 5000 i gründerstipend, 10 rådgivingstimar og kontorplass på gründersenteret FUS, gjer at Sognagrepet kan vidareutvikle konseptet og forretningsmodellen. Forhåpentlegvis vil Sognagrepet nå ut til enda fleire, også langt utanfor klatrehallen i Sogndal. Vi gratulerer!

Konkurransen ble arrangert av Sogn Næring, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Fjellsportfestivalen.

Gunn Cecilie Hundere