Media Village Sogn engasjerte!

Etter ein velukka studietur i desember, starta vi arbeidet med det vi trur kan bli Media Village Sogn, eller Medielandsbyen Sogn, om du vil.

Torsdag 2. juni inviterte vi til samling for å presentere litt av dei tankane vi har kring ein Medielandsby i Sogn, oppmøte og engasjementet vitna om eit næringsliv som er interessert i ideen og som er nysgjerrige på kva vi kan få ut av dette initiativet. Fasiten er ikkje klar, og vegen blir nok i stor grad til mens vi går, men vi i Sogn Næring er i alle fall budd på å brette opp armanane og fortsette dette arbeidet, saman med næringa.

Neste arrangement vert i august, då vil vi invitere til workshop for å starte det faktiske formingsarbeidet. Spørsmål som kva skal dette blir? Kven er det for? Kva er målsetnaden? Og korleis skal vi jobbe framover saman? vert relevante problemstillingar som vi håpar du vil vere med å diskutere :)

Vi minnar og om kurset i Kunstig intelligens, 6. september, meld deg på her.


Ta gjerne kontakt med Line, om de har innspel, spørsmål eller tankar kring denne satsinga, eller om de har lyst å vere med på workshop i august :)

aktueltLine Bjelde